Velkommen til Skoleflix!


Skoleflix.no er ei digital kursplattform for frilansarar og permitterte innan kreative næringar i Møre og Romsdal.

Sunnmøre Kulturnæringshage AS som er knutepunkt for kreative næringar i Møre og Romsdal tilbyr no gratis kompetansehevande kurs på nett. Kursa er finansiert av Møre og Romsdal fylkeskommune.

Du kan søke på alle, eitt eller fleire kurs du vil delta på. Våre kursadministratorar behandlar søknadene manuelt, og set sammen ulike kursgrupper basert på søknadene. Vi tek kontakt med kvar enkelt for å finne tidspunkt som passar for alle.

Frilansar eller permittert?


Allereie registrert?


Sjå våre komande kurs

Avansert bruk av Adobe Photoshop


Dette er eit spesialkurs med få deltakarar, maksimalt fem. Kurset er spesialdesign overfor deltakarane, og vil endre seg mellom ulike gjennomføringar. Deltaking krever at ein på førehand melder inn sine eigne spesifikke behov til kurshaldar. Målet med kurset er spissa kompetanseløft og å utvide kreative aktørar si verktøykasse.

Avansert arbeidsflyt i Adobe Lightroom


Bruk av automatiserte funksjonar i fotoprogramvaren Lightroom, slik som presets, templates, collections, virutal copies, importing, tagging, exporting. Kurset set også fokus på korleis ein bygger slike automatiserte funksjonar sjølv. Målet med kurset er å jobbe smartare og meir effektivt. Mindre tid på kontorfunksjonar gir meir tid til fakturerbart oppdrag.

Avansert bruk av Adobe Premiere


Dette er eit spesialkurs med få deltakarar, maksimalt fem. Kurset er spesialdesigna for deltakarane, og vil endre seg mellom ulike gjennomføringar. Deltaking krever at ein på førehand melder inn sine spesifikke behov til kurshaldar. Målet med kurset er spissa kompetanseløft og å utvide kreative aktørar si verktøykasse.

Avansert bruk av DaVinci Resolve


Dette er eit spesialkurs med få deltakarar, maksimalt fem. Kurset er spesialdesigna for deltakarane, og vil endre seg mellom ulike gjennomføringar. Deltaking krever at ein på førehand melder inn sine spesifikke behov til kurshaldar. Målet med kurset er spissa kompetanseløft og å utvide kreative aktørar si verktøykasse.

Egenprofilering i SoMe


Gode råd i korleis ein kan nytte SoMe som kommunikasjons- og reklamekanal for eiga verksemd for omstilling til nye marknadar. Kurset er delt mellom undervisning og interaksjon, der ein nyttar den felles kompetansen i kurset. Instruktør skiftar mellom undervisning og gruppemoderasjon. Målet med kurset er å styrke eigen marknadskommunikasjon i sosiale media.

Salsarbeid


Sal til store aktørar med samansette behov er ei utfordring for små kreative aktørar. Likevel er det handlingsrom for enkeltaktørar å kome i posisjon overfor store selskap, med komplekse vedtaksprosessar. Kurset vil ta opp metodar for å gjennomføre interne kartleggingar av potensielle kundar, forstå komplekse vedtaksprosessar, og kunne utarbeide materiell som kan støtte styrevedtak. Målet med kurset er å få tak i større kundar/større oppdrag.

Tjenestedesign i digitalt grensesnitt


Koronapandemien har medført at mange kommersielle aktørar nyttar videokonferanse i mykje større grad enn tidlegare. Denne endringa i åtferd kan ein dra nytte av i produksjon overfor klientar, der ein inviterer inn til tettare dialog og samskaping i dei kreative prosessane. Bruk av digitale løysingar der ein ikkje berre har toveiskommunikasjon i dialogen, men der også klienten kan kome inn i direkte produksjon ved å få tilgang til delt datamaskin. Kurset har fokus på digitale løysingar, arbeidsmetodikk, og moglege fallgruver. Målet med kurset er å flytte kreative næringar frå ei bestillar/utførar rolle, til ei aktiv samskapingsrolle med klienten.